Maskin - bachelor i ingeniørfag, Universitetet i Stavanger

Læringsutbytte

Studenten skal etter endt utdanning ha kjennskap om materialteknologi og maskinkonstruksjon med hovudvekt på styrkeberegning, utforming og materialval.

Introduksjon

Treårig ingeniørutdanning har som overordna mål å utdanne ingeniørar som gjennom teoretiske og tekniske kunnskapar får kompetanse til sjølvstendig arbeid, og som tar eit ansvar for samspelet mellom teknologi, miljø og samfunn. Utdanninga er forskingsbasert, ligg fagleg på eit høgt internasjonalt nivå, og dannar grunnlag for livslang læring.

Bachelorstudiet i maskin er eit treårig grunnstudium. Studiet har eit omfang på 180 studiepoeng og går over seks semester.

INNHALD, OPPBYGGING OG SAMANSETING AV STUDIET

Ingeniørstudiet i maskin bygger på eit godt grunnlag i matematikk og naturvitskap som gir dei nødvendige reiskap for å meistre dei meir tekniske emna som kjem seinare i studiet. Slike grunnlagsfag (G) er derfor plassert i fyrste del av studiet. For å skape identitet og tilhøyring til fagfeltet maskin, er det i byrjinga også lagt inn tekniske emne (T) som gir ein introduksjon til område som er spesielt viktige for studiet.

For kvart semester gjennom studiet blir det større innslag av maskin- og materialtekniske emne. Siktemålet er at studentane skal kunne foreta materialval, utvikle, designe og dimensjonere mekaniske komponentar og konstruksjonar. Det vert fokusert på materialars mekaniske eigenskapar, materialmekanikk og styrkeberekning.

Valemne (V) og samfunnsfaglege emne (S) er lagt til siste del av studiet, der også eit eventuelt utlandsopphald kan innpassast. Bacheloroppgåva (B), som er det avsluttande prosjektet, kan utførast sjølvstendig eller i grupper, og har eit omfang på 15 sp. For å få tildelt bacheloroppgåve vert det stilt krav om tilfredstillande studieprogresjon (viser til Regler for bachelor- og kandidatoppgave).

Universitetet legg vekt på å kunne tilby alle studium som planlagt, men under føresetnad om tilstrekkeleg med ressursar og/eller studentar til å gjennomføre tilbodet. Over tid vil det vere naturleg at det faglege innhaldet og tilbodet av emne vert endra på grunn av den generelle utviklinga i fag, bruk av teknologi og endringar i samfunnet elles.

Fylgjande går fram av den enkelte emneskildring:

- Arbeids- og undervisningsformer
- Pensumlitteratur
- Evalueringsformer
- Vurderingsformer

Valemne - tilleggsinformasjon:

Studentar som er tatt opp på 5-årig masterstudium i Industriell økonomi må velje BIP220 Oganisasjon og ledelse og BØK105 Mikroøkonomi som valemne.

Studentar som skal søke opptak til det toårige masterstudiet i Industriell økonomi anbefalast også å velje BIP220 Oganisasjon og ledelse og BØK105 Mikroøkonomi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse + 2FY og 3MX/3MN eller eittårig forkurs for ingeniør- og maritim høgskoleutdanning eller Teknisk fagskole.

Opptaksinformasjon

Undervisninga bygger på kunnskapar som tilsvarer 3MX/3MN og 2 FY, og vi anbefaler derfor søkarar å skaffe seg slik kompetanse. Søknad sendes via Samordna Opptak.

Etter opptak til studiet kan du søkje fakultetet om å få ta studiet på deltid. Instituttet tilbyr faste deltidsplanar.

Kvalifikasjonar

Aktuelle eksempel på arbeid er i bedrifter knytta både til landbasert verksemd og til offshoreverksemd, som olje- og energiselskap, prosessindustri, mekanisk industri, ingeniør- og servicebedrifter, offentleg forvaltning og ei rekke andre næringar med behov for allsidig og heilskapleg ingeniørkompetanse. Aktuelle arbeidsområde kan vere konstruksjon og design av maskiner og utstyr, materialtesting og kontroll, drift og vedlikehald og konsulentverksemd. Maskiningeniørens arbeidskvardag er generelt variert. Samarbeid og kommunikasjon med personar frå andre yrkesgrupper er ofte ein viktig del av jobben. Fullført bachelor i ingeniørfag kvalifiserer for opptak til master i teknologi / sivilingeniør (120 studiepoeng) ved UiS. For bachelor maskin kan aktuelle masterstudier vere Konstruksjonar og materialar, Offshoreteknologi - offshore system, Offshoreteknologi - industriell teknologi og driftsledelse, Risikostyring, Industriell økonomi og Samfunnssikkerheit.

Ansök till Maskin - bachelor i ingeniørfag, Universitetet i Stavanger


 
×