Examen philosophicum

Studieprogrammet gir kunnskap og innsikt i sentrale filosofiske spørsmål, og korleis ei rekkje filosofar har drøfta og svart på desse spørsmåla til ulike tider. Det kan inngå som emne i bachelorgradar og er likeverdig med tilsvarande studium ved universiteta.

Studieinnhald

Fagstoffet er delt i tre delar:

  • Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp.); oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.
  • Etikk (3 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor moralfilosofien.
  • Vitskapsfilosofi (2 stp.); grunnleggjande problem og teoriar innanfor vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar på Fronter, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Fronter, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post. Endeleg vurdering i emnet skjer på grunnlag av ein individuell heimeeksamen over eitt døgn.

Ansök till Examen philosophicum, Høgskulen i Volda


 
×